Om Bergensbanen

Bergensbanen er ei 371 km lang ettspors jernbanelinje frå Hønefoss til Bergen. På Hønefoss er det tilknytning mot Oslo over Roa-linja og via Drammen. Frå Hønefoss følgjer banen Hallingdalen opp til Hardangerplatået og når sitt høgaste punkt på 1237 moh nær Finse. Ved Myrdal stasjon er det tilknytning til Flåmsbana. Vidare går banen ned mot Voss og langs fjorden vestover til endestasjonen i Bergen. Bergensbanen vart opna i 1909, og fleire stader følgjer banen framleis den opprinnelege traséen.

Bergensbanen knyter saman dei to største byane i Noreg: Oslo og Bergen – og har størst trafikk av alle distansestrekningar i landet. Godstrafikken er også stor, og omlag halvparten av alt gods mellom Oslo og Bergen blir frakta på Bergensbanen.

Bergensbanen går gjennom eit unikt landskap av internasjonal verdi, og er også svært viktig for reiselivsbransjen. Bergensbanen er rekna for å vere blant verdens 10 vakraste jernbanestrekningar, sjå f.eks. The Guardian.

Forum Nye Bergensbanen har som mål å få reisetida frå Oslo til Bergen ned til 4 timar. Kortaste reisetid med noverande driftsopplegg er 6t 30min. Slik kan reisetida kortast ned:

  • Ringeriksbanen: Kortar reisetida med 50 minuttar.
  • Dobbelspor Bergen-Arna og ny trasé/dobbelspor Arna-Voss: Kortar reisetida med 45 minuttar.
  • Kurveutretting og kryssingsspor: Kortar reisetida med 45 minuttar.

Bergensbanen vil med 4 timars reisetid og nytt togmateriell bli ein moderne framtidsretta og konkurransedyktig bane!

Du kan lese meir om Bergensbanen på Wikipedia og på Bane NOR sine nettsider.