Akkurat no ser det difor ut til at Ringeriksbanen får oppstart tidligst i 2021 og Arna-Voss i 2024. Stortingsmeldinga opnar for tidlegare oppstart for Arna-Voss, viss ein klarar å få ned kostnadane. I tida etter pressekonferansen har det vore mykje forvirring om kvifor baneprosjekta har blitt utsatt:

– Me hadde forventa oppstart for Arna-Voss i 2021 og Ringeriksbanen i 2019, slik regjeringa og støttepartia har lova, seier Hans Erik Ringkjøb, styreleiar i Forum Nye Bergensbanen. – Det har vore mange ulike forklaringar på kvifor utsetjinga kom, men no set me vår lit til at Stortinget ryddar opp, og leverer på det regjeringa har lova.

Knut Arild Hareide (KrF), Terje Breivik (V) og statsminister Erna Solberg (H) har alle sagt at det vil bli nye diskusjonar på E16 og Bergensbanen mellom Voss og Arna.

Voss-ordføreren ikke fornøyd Les meir på NRK.no.

Heilt ufatteleg NTP-prioritering

Me må leve med den svært rasfarlege veg- og banestrekninga i minst 17 år til.Les meir på BT.no

Solvik-Olsen: – Byggestart i 2021 så sant det er praktisk muligLes meir i Ringerikes Blad

Arna-Stanghelle er første byggetrinn i eit prosjekt som vil spare menneskeliv på ei av dei farlegaste veg- og banestrekningane i Noreg. Når heile prosjektet er gjennomført vil det kutte reisetida mellom Oslo og Bergen med omlag 45 minutt. Ringeriksbanen kuttar reisetida med omlag ein time, og når begge banene står ferdig vil reisetida mellom Bergen og Oslo vere nede i omlag 4 timar og 45 minutt.

Etter at statsministeren stod på Arna stasjon og lekka planane for å utsetje Arna-Stanghelle, har det vore mange spørsmål knytt til kor mykje pengar jernbana eigentleg får.

– Når NTP endeleg kom, fekk eg stadfesta mistanken min, seier Morten Myksvoll, dagleg leiar i Forum Nye Bergensbanen. – Ramma har blitt utruleg skeiv, og jernbana har tapt store midlar på det.

– Samanliknar me investeringar i veg og bane i grunnlagsdokumentet og i sjølve stortingsmeldinga, finn me store forskjellar mellom dei ulike periodane, fortsetter han. – 2 milliardar kroner er vekke frå kvart av dei seks første åra i NTP. – Desse pengane er flytta til den siste seksårsperioden, som er klart mindre forpliktande.

To milliardar kroner mindre til jernbane kvart år dei første seks åra i NTP.