I fagetatane sitt grunnlagsdokument for Nasjonal Transportplan låg det an til byggestart for ny E16 og Vossebane i 2020. No ser det ut til at byggestart ligg nærare 2024. Forum Nye Bergensbanen sin ambisjon var å bygge K5 Arna-Voss innan 2029. No ser det ut til at berre første byggetrinn blir ferdig innan heile NTP-perioden.

Hans Erik Ringkjøb og Eirik Haga.

– Det kan ta 17 år før Arna-Voss er ferdig. Det er 17 år med livsfarlege fjell, som truar både bilar og togvogner. Det er klart me er skuffa i dag, seier Hans Erik Ringkjøb, ordførar på Voss og styreleiar i Forum Nye Bergensbanen.

– I februar 2016 var K5 Arna-Voss klassifisert som eit såkalla bunde prosjekt. No har det løsna, seier Morten Myksvoll, dagleg leiar i Forum Nye Bergensbanen.

– Me gjekk frå pressekonferansen med fleire spørsmål enn då me kom, fortsetter Myksvoll. – Prosjektet vårt har blitt løfta fram av regjeringa og av støttepartia. Då er det ekstra skuffande at dei utsetjer det i fleire år.

Ifølge medierapportar skal Ringeriksbanen og ein ny jernbanetunnel i Oslo bli prioritert. – Dette er gode nyheiter for Bergensbanen, men me mister ein del av heilskapen når ein ikkje følgjer opp satsinga i vest, seier Myksvoll.

Det er knapt bygd ut jernbane i Noreg sidan 1962, og satsinga som det låg til rette for i grunnlagsdokumentet frå i fjor var historisk. – Det er grunn til å vere optimist på vegne av jernbana, for det har skjedd ein god del dei siste åra, seier Ringkjøb, før han fortsetter: – Det regjeringa no ser ut til å levere står dessverre ikkje i stil til lovnadane deira, og då er det naturleg å vere skuffa.

Medieklipp: 

Konkret betyr det at prosjektet er inne i andre periode i NTP, det vil si etter 2024. Solberg forklarte det med tekniske årsaker, og at det tar tid å planlegge jernbane. Men etterpå vedgår hun at det også handler om økonomi.Les meir på BT.no

Statsminister Erna Solberg forklarer at jernbanepotten er mer eller mindre brukt opp andre steder i første periode av NTP.Les meir på BA.no.

– Var ikkje 2021 litt vel optimistisk? – Regjeringa har vore tydeleg på at me skal ha ei rask bygging og ferdigstilling. Om det var optimistisk må regjeringa svara på. Me var samde med dei. No er me ikkje samde med dei, seier Ringkjøb.Les meir på NRK.no.