Den såkalla jernbanealliansen prioriterer heller endå meir utbygging av jernbane på austlandet. Det er Bergens Tidende som omtalar den «nasjonale» alliansen sitt høyringsinnspel, der blant anna LO og NHO er medlem. Deira innspel er i direkte motstrid til både NHO Hordaland og LO Hordaland, og sjølvsagt med medlemmene deira som brukar både gods- og persontransporten over fjellet.

Jernbanealliansen foreslår å heller bygge ut ytre intercity til Halden, Lillehammer, og Skien, heller enn å få fart på bana mellom Bergen og Oslo. Argumentasjonen tyder på at ein ikkje har fulgt med i timen. Ein rapport frå COWI slår fast at meirnytta av å bygge Ringeriksbanen kontra ytre intercity er stor – 7,3 milliardar mot 4,5 – og er svært viktig i å forstå kvifor Ringeriksbanen må prioriterast. I tillegg er Ringeriksbanen ein del av eit mykje større prosjekt, nemlig Bergensbanen. Saman med dobbeltsporet mellom Bergen og Voss vil prosjektet ta reisetida mellom Oslo og Bergen under 5 timar. Det er då ikkje langt unna at Bergensbanen kan ta store andelar av flytrafikken mellom dei to største byane i Noreg.

Arna-Voss er ein del av eit bunde prosjekt, nemlig ein felles utbygging av E16 og jernbanen mellom Bergen og Voss. Prosjektet vil utvide bu- og arbeidsmarknadsregionen til Bergen på ein berekraftig måte, og føre til kraftig redusert reisetid mellom Voss og Bergen sentrum. Dette er verdiar som snevre samfunnsøkonomiske analysar ikkje tar opp, men som er reelle. I tillegg er både vegen og bana svært rasutsatt, og ein ny trasé må på plass før katastrofen er eit faktum. Det har vore svært nære, mange gonger.

Det NHO og LO har gått med på her, er å foreslå å utsetje ein svært rasutsatt hovudveg mellom aust og vest. Viss jernbana mellom Arna og Voss ikkje blir bygd ut, blir det neppe noko av den planlagte vegen heller. Statsråd Ketil Solvik-Olsen har sjølv stått for trasévalet mellom Arna og Voss, og har heldigvis sett det prekære behovet. Både lokalt, men òg for heile Bergensbanen.

voss
Bergensbanen køyrde inn i eit ras, mai 2015. Bilete frå BT.no.

Til Bergens Tidende seier Holger Schlaupitz, styreformann i alliansen, at ein må halde fokus på godstransporten. Det er Forum Nye Bergensbanen heilt einig i. Problemet er at jernbanealliansen mista grepet på den før dei kom igang. Når det gjeld Ringeriksbanen meiner dei at den strekningen burde blitt lagt til rette for godstransport. Det vil forringe reisetida for persontransport, utan at at godset får det betre. Godset mellom aust og vest går i store trekk mellom Nygårdstangen i vest og Alnabru, Drammen, og Grenland i aust. Ringeriksbanen vil frigjere kapasitet på Randsfjordbanen for godset som er knytt til Drammen og Grenland. For godset frå og til Alnabru vil godstoga gå via Roa til Hønefoss.

Det er fullstendig unødvendig å legge opp til at godstoga skal gå gjennom Oslo sentrum for å komme til og fra Bergen. Det vil forringe godstransporten vestover. Ei skrinlegging av dobbeltsporet mellom Voss og Arna vil òg gjere kapasitetsauke for godstransporten umogleg. Den takkar altså jernbanealliansen nei til. Det lyt minnast om at kapasiteten i dag er sprengt, og det er snakk om transporten mellom dei to største terminalane i Noreg.

Viss jernbanealliansen hadde fått viljen sin, ville andelen godstransport på jernbane gått ned. Det vil vere katastrofalt i eit miljø- og klimaperspektiv.

Jernbanealliansen i svart, den reelle godstrafikken med Ringeriksbanen i blått.
Jernbanealliansen i svart, den reelle godstrafikken med Ringeriksbanen i blått.

I sitt svar til Bergens Tidende seier Schlaupitz at dei ikkje vil gå inn i ein distriktspolitisk kamp. Då har ein misforstått kva Bergensbanen handlar om. Bergensbanen er nasjonal. Den bind saman to landsdelar. Argumentet om at Bergensbanen er distriktspolitikk blir ekstra spesielt når ein ser at den såkalla nasjonale alliansen berre prioriterer jernbaneprosjekt på austlandet. Dei prioriterer til og med ei jernbaneutbygging i Sverige høgare enn prosjekt utanfor austlandet.

Det er prisverdig at nasjonale organisasjonar ønskjer å bruke pengar på vedlikehald av Bergensbanen, men når deler av strekninga er 100 år gamal er det på tide å gjere meir enn å flikke. Ser ein på grunnlagsdokumentet til Nasjonal transportplan, samt regjeringa sine uttalelsar, blir det openbert at både etatane og regjeringa har større ambisjonar for jernbana enn denne alliansen.