– Det er godt nytt at Hordalandspolitikarane støttar Ringeriksbanen, seier Hans Erik Ringkjøb, styreleiar i Forum Nye Bergensbanen.

– Ringeriksbanen gjer satsinga på Arna-Voss meir verdifull, og det er viktig at me står saman om desse prosjekta på tvers av landsdelane.

Uttalen vart vedtatt i forbindelse med fylkeskommunen si behandling av Nasjonal Transportplan (NTP). Utvalet gjekk inn for følgjande formulering knytt til Bergensbanen:

Fylkestinget støttar E16 Arna-Stanghelle som bunden prosjekt i NTP. Det er avgjerande av omsyn til kostnader/effektivitet, transportryggleik, beredskap og miljø at jernbanestrekninga Arna-Stanghelle vert bygd ut samtidig med ny veg Arna-Stanghelle, dvs. samtidig realisering av K5-konseptet på denne strekninga med oppstart i perioden 2018-21. Samla, kontinuerlig utbygging Arna-Voss både på veg og bane bør ferdigstillast i løpet av planperioden 2018-29.

 

Fylkestinget støttar utbygginga av Ringeriksbanen med oppstart i 2019, som saman med Arna-Voss vil gi ei stor innkorting av Bergensbanen.

Formuleringa om Ringeriksbanen vart foreslått som eit tillegg til innstillinga frå Nils Bjørke (Sp), og det vart samrøystes vedteke. Hordaland fylkeskommune si høyringsuttale til NTP skal endeleg vedtas i fylkestinget 14. juni.

I Bergen støtta Komité for miljø og byutvikling ein merknad som på same måte støtta Ringeriksbanen, etter forslag frå Roger Valhammer (Ap). Prosjektet Arna-Voss fekk einstemmig støtte til oppstart i 2018-2021 her òg.