Denne veka ba Bergen bystyre og fylkestinget i Hordaland regjeringa om å planlegge heile Arna-Voss i eitt strekk. Alle parti stilte seg bak uttalen.

Som kjent er det strekninga Arna-Stanghelle som skal byggast ut først. Planlagt oppstart er i 2021, med ei ferdigstilling i 2026. Uttalen ber om at transportetatane får i oppdrag å sjå på samtidig planlegging av både Arna-Stanghelle og Stanghelle-Voss. Det vil spare dyrebar tid på heile strekninga.

Heile K5 prosjektet må planleggast fram til Voss. Prosjektet må få ein særskilt status både for veg og bane. Dette særleg for å sikra tilstrekkeleg med planleggingsressursar.Frå vedtaket i Bergen bystyre

Samtidig utbygging av jernbane og veg ligg fast, og er ein sentral del i K5-konseptet som regjeringa har valgt.

I uttalen vert det slått fast at alle kommunane langs banen stiller seg bak statleg plan, noko som i Bergen sitt tilfelle har blitt sådd tvil om.

Fylkestinget sin uttale er likelydande. Begge vart samrøystes vedteke denne veka.

I dag har òg Stortinget fått saka på sitt bord. Dei fire Ap-representantane frå Hordaland har levert inn eit forslag som går ut på det same som fylket og Bergen ønskjer:

Stortinget ber regjeringen gjøre en tilleggsbestilling til Statens vegvesen og Jernbaneverket der en ber fagetatene gjøre en analyse av mulighetene for å forsere realisering av ny trase for vei og jernbane Arna–Voss. Analysen må komme snarest slik at den kan gi et beslutningsgrunnlag i forbindelse med behandlingen av Nasjonal transportplan.Stortinget.no