I grunnlagsdokumentet til Nasjonal transportplan, som vart lagt fram i forrige veke, var Ringeriksbanen definert som eit av dei bundne prosjekta. Desse er likevel så store at Ringeriksbanen ikkje blir ferdig i 2024 viss ein legg til grunn basisramma. Det er likevel grunn til å vere optimist.
– Nå kommer banen i 2024, sa Erna Solberg på Øst-Vestkonferansen før helga.
Det er knytt store forventningar til at regjeringa legg seg høgare enn basisramma i NTP-framlegget, som i snitt er på 59,7 milliardar kroner i planperioden. Middels og høg ramme er på høvevis 71,7 og 77,7 milliardar kroner i snitt per år.
Viss basisramma skulle bli valgt, vil mange prosjekt knytt til Bergensbanen falle ut av prioriteringa. Det vil ikkje bli gjennomført viktige tiltak med rutetilbodet på strekninga Bergen-Voss, godsterminalane i Bergen vert ikkje rusta opp og nye krysningssport for gods vert utsett. Viktigst av alt vil jernbana mellom Stanghelle og Arna bli utsatt i basisramma, og prosjektet med felles veg og bane vil då utgå.
Dette ser Forum Nye Bergensbanen på som svært uheldig, men òg som svært urealistisk. Det er berekna at ein sparar 11 milliardar kroner på å bygge ut både veg og bane samtidig, og ei ulik utbygging vil vere i strid med konseptvalet regjeringa offentleggjorde 8. desember 2015.
Notat om grunnlagsdokumentet til Nasjonal transportplan