Prosjektet omfattar bygging av eit nytt tunnelløp gjennom Ulriken, oppgradering av strekninga Bergen Stasjon – Fløen, samt fornying av Arna stasjon.
Det nye tunnelløpet gjennom Ulriken vil gå parallellt med den eksisterande Ulrikstunnelen, og det skal byggast 16 tverrslag mellom dei to tunnelane for trygg rømning. Den nye tunnelen skal som første jernbanetunnel i landet drivast med tunnelboremaskin, og med ein diameter på 9,8 meter blir det den største tunnelboremaskina som nokon gong er brukt i eit norsk samferdselsprosjekt. Driving med tunnelboremaskina vil etter planen starte hausten 2015.
På strekninga Bergen Stasjon – Fløen skal det byggast nytt dobbelspor, samt nytt signal- og sikringsanlegg.
Les meir:
Jernbaneverket – Bergen-Arna