– Vårt overordna mål er å få reisetida mellom Bergen og Oslo under fire timar, seier Ringkjøb. – Det ser lysare ut no enn på lenge, og me er glad for at Bergensbanen endeleg får den merksemda og dei investeringane bana fortjener.
– No kvilar det eit stort ansvar på regjeringa og Stortinget, seier Morten Myksvoll, dagleg leiar i Forum Nye Bergensbanen. – Dei må først og fremst sikre at desse viktige prosjekta står seg gjennom den politiske behandlinga, men òg passe på at både Jernbaneverket og Statens Vegvesen har tilstrekkeleg midlar og kapasitet til å få fortgang på utbygginga.
– Me kjem til å måle regjeringa på gjennomføring, ikkje prioritering, fortsetter han. – Her må pengane på bordet og byggearbeidet startast så raskt som mogeleg.
Både Arna-Stanghelle og Ringeriksbanen blir sett på som bundne prosjekt av transportetatane. Grunnlagsdokumenta legg opp til byggestart for Ringeriksbanen i 2019, med ferdigstillelse i 2024. Opprustinga med plattformforlenging på Vossebanen og dobbeltspor gjennom Ulriken vert fullført. Strekninga Stanghelle-Voss ligg ikkje inne, men blir vurdert i seinare rulleringar.
– Me aksepterer trinnvis utbygging av veg og bane mellom Arna og Voss, men vil arbeide for at Voss-Stanghelle vert påbegynt seinast når Arna-Stanghelle er ferdig, seier Myksvoll.
Rutemodell 2027 for Vossebanen ligg inne, noko som vil redusere reisetida og auke kapasiteten på strekninga Bergen-Voss.
Forum Nye Bergensbanen har som mål at Ringeriksbanen skal ha byggestart i 2019. – Viss regjeringa holder tempoet oppe kan det bli byggestart i 2019/20 på strekninga Arna-Stanghelle òg, seier Myksvoll.
Utbygginga mellom Arna og Voss er spesielt viktig for å auke tryggleiken langs strekninga, som er svært rasutsatt. Ferdig utbygd vil regiontoget berre bruke 32 minutt frå Bergen til Voss, noko som er ei innsparing på ca. 40 minutt.
Ringeriksbanen er det største enkeltprosjektet i arbeidet med å få reisetida mellom Bergen og Oslo under fire timar. Det er eit nasjonalt viktig infrastrukturprosjekt, som har ringvirkningar langt utanfor Ringerike og Oslo, og bana vil gjere Bergensbanen meir attraktiv for dei reisande. Ringeriksbanen vil òg frigjere kapasitet for godstrafikk.
Samla vil dei to prosjekta få reisetida ned til 4 timar og 50 minutt mellom Oslo og Bergen. Det gjer toget meir konkurransedyktig sett opp mot fly, og er eit svært godt klimatiltak.