Ringeriksbanen er det viktigaste prosjektet for å få realisert målet om ei reisetid på 4 timar mellom Bergen og Oslo. «Endeleg skjærer vi gjennom og starter dette prosjektet» uttalar Erna Solberg i ein pressekonferanse på Sundvollen søndag 30 august.
Planlegginga skal gjennomførast som statleg plan, og planleggingstida vert forkorta med 5 år ved mellom anna å gå rett på reguleringsplan, og la dei seinare planstega overlappe kvarandre. Ringeriksbanen skal byggast i felles trasé med E16 Skaret-Hønefoss, men endeleg organiseringa av prosjektet er ikkje bestemt enno. Med byggestart i 2019 skall Ringeriksbanen etter planen stå ferdig i 2024.
Ringeriksbanen vil forkorte reisetida med heile 60 minuttar, og er det viktigaste prosjektet for å realisere 4 timars reisetid mellom Bergen og Oslo. Denne innkortinga åleine vil etter dei siste berekningane frå TØI gje 1500 fleire reisande kvar dag på heile strekninga Oslo-Bergen. Med K5 Arna-Voss vil reisetida bli ytterlegare 45 minuttar redusert, og legg vi til nye 45 minuttar reduksjon ved å bygge nye kryssingsspor, vil målet om 4 timars reisetid vere nådd.
Styreleiar i Forum Nye Bergensbanen, Mona Hellesnes, jublar for nyhenda som kom på pressekonferansen. «Bygging av Ringeriksbanen har vore hovudmålet for Forum Nye Bergensbanen heilt sidan oppstarten i 1993, så dette er ein stor dag for oss. Og vi vil takke og gratulere alle gode krefter som har bidratt til at målet no er nådd. Vi vil også berømme regjeringa som har klart å vise handlekraft slik at vi no får realisert dette prosjektet som er så viktig både for Oslo- og Ringeriksregionen, for alle kommunane langs Bergensbanen, og for heile landet forøvrig.»