Det betyr at folketalet i Ringeriksregionen kan nå 100 000 rundt midten av dette århundret. Kommunane og næringslivet gjer seg no klare til å ta imot denne veksten og har planar for milliardinvesteringar i åra som kjem.
Ringerike kommune åleine planlegg å investere rundt 1,6 milliardar kroner berre dei næraste fire åra for å legge til rette for den forventa veksten. Det er lagt opp til investeringar i 2015 innanfor vatn og avløp, skule, barnehage, omsorg og modernisering. Regionhovudstaden Hønefoss har i dag ein god, tradisjonell bystruktur som det skal byggast vidare på for å vere ein motor i regionen. Det skal investerast ytterlegare i fjernvarmeutbygging og forbetring av transportsystemet. Kommunane har også fokus på å raskt kunne tilrettelegge tomteområder og infrastruktur for ei omfattande bustad- og næringsutvikling.
Også næringslivet i regionen står klare med store investeringsplanar. Tronrud Engineering utviklar Eggemoen Aviation & Technology park. I denne unike næringsparken med eigen flyplass vil det bli lagt til rette for fleire tusen kompetansearbeidsplassar. På Hvervenmoen har AKA AS planar om å bygge ut 80 000 kvadratmeter for ulike næringsformål innan handel og kontor, og fleire aktørar har planar om storstilt bustadutbygging for å møte den forventa veksten i Ringeriksregionen. I tillegg kjem Viken Skog sine offensive planar om å investere over 20 milliardar kroner innanfor banebrytande og framtidsretta treforedlingsindustri.
Ei realisering av Ringeriksbanen og ny E16 vil gje betydelege positive samfunnsøkonomiske effektar. Utanom å gjere mogeleg ei storstilt utvikling i Ringeriksregionen, vil desse samferdselsprosjekta også ha stor nytteverdi for Hallingdal, Valdres, Vosseregionen og store delar av Vestlandet. I tillegg vil Ringeriksregionen kunne gje Olso-området verdifull avlasting i ein pressa bustad- og arbidsmarknadssituasjon.