– Vi er einige om at det vil vere ein stor fordel om vidare planlegging blir lagt opp som eit felles prosjekt, seier regional strategidirektør Lars Christian Stendal i Jernbaneverket. – Prosjekta berører natur- og kulturverdiar av nasjonal interesse, og difor tilrår vi at det vidare planarbeidet blir gjennomført som ein statleg plan, seier Nils Brandt i Statens Vegvesen. Etatane tilrår ein planprosess som vil gje byggestart i 2022.

Etatane vart bedne om å vurdere om det er mogeleg å finne ein felles korridor for E16 og Ringeriksbanen på strekninga frå Kroksund til Hønefoss. Notatet som er utarbeida viser at det er fleire mogelege trasear for ei felles utbygging av veg og bane på denne strekninga. Basert på resultat frå tidlegare utgreiingar og arbeidet som no er gjort meinar etatane at ei løysing med både veg og bane over Kroksundet er mest aktuelt.

Rådet for Ringeriksregionen uttaler i ei pressemelding stor tilfredshet med konklusjonen om felles planlegging og bruk av statleg plan. Det er imidlertid sterk misnøye med den anbefalte planprosessen. -Regionrådet forventar no at tida fram til 31. oktober vert brukt effektivt for å rydde unna alle hinder for ei planlegging med byggestart i 2018/19, uttalar leiar og ordførar i Ringeruike Kjell B. Hansen. Det er eit synspunkt som Forum Nye Bergensbanen støttar.

Notatet viser at alt ligg godt til rette for at E16 og Ringeriksbanen kan bli eit banebrytande pilotprosjekt for ein prosjektmodell med felles utbygging av veg og jernbane. – Dette er svært gledeleg, og bekreftar det vi har sagt tidlegare: Ringeriksbanen med E16 er ein ypparleg kandidat for alternativ utbyggingsstrategi, for reduserte utbyggingskostnader og meir effektiv prosjektgjennomføring. Dette kan bli ei suksesshistorie for landet, med ein ny måte å organisere og gjennomføre store nasjonale samferdselsprosjekt, uttaler Mona H. Hellesnes, styreleiar i Forum Nye Bergensbanen. Men planleggingstida må ned, og dette vil kreve klare mandat, tydelege krav, og sterk og god styring av planprosessen.