– Eg har som tidlegare lokal- og rikspolitikar arbeidd for Nye Bergensbana, seier Magnusson, som gler seg stort til å ta fatt på arbeidet som dagleg leiar i forumet. Den nye daglege leiaren seier det er viktig å pressa på, slik at vedtekne planar vert fylgd.

– Me har ein stor jobb å gjera for å sikra oppstart for Ringeriksbanen i tråd med vedteken Nasjonale transportplan, og Arna-Voss ligg like etter i løypa. Med desse to prosjekta på plass, løftar me heile Bergensbana mot målet om ei reisetid på 4 timar mellom våre to største byar, Bergen og Oslo.

– Eg ser fram til å møte og vera på lag med dei 13 kommunane langs trasen og dei tre fylkeskommunane som er eigarar i forumet til solid innsats for å få Nye Bergensbana bygd raskast mogleg. Ein moderne og konkurransedyktig Bergensbane er eit miljø- og klimaprosjekt av
dimensjonar, og vil definitivt vera ei framtidsretta satsing, seier Hilde Magnusson.

Magnusson har dei siste fire åra arbeidd som advokat på Voss og før det var ho i åtte år representant for Hordaland og Ap på Stortinget. Den førre leiaren, Morten Myksvoll, gjekk ved nyttår over i ny stilling i BT.

Forum Nye Bergensbanen arbeider for at Ringeriksbanen skal ha byggestart i 2021, at Bergensbanen skal bruke mindre enn fire timar mellom Bergen og Oslo, at all auke i godstrafikk på strekninga skal tas av banen og at banen skal ha ein komfort på linje med europeiske høgfartsbaner.

13 kommunar og 3 fylkeskommunar langs traséen er medlemmar i Forum Nye Bergensbanen.

Kontaktpersonar:
Hans-Erik Ringkjøb
Leiar av arbeidsutvalet
97138720

Hilde Magnusson
Dagleg Leiar
41566450