Me fryktar at fleirtalspartia har prioritert ned Bergensbanen for å heller prioritere fleire, men mindre prosjekt rundt om i landet. Rasfaren på E16 og Vossebana og gevinsten av å bygge Ringeriksbanen bør vege tyngre enn det me har fått presentert så langt frå NTP.

Med tanke på dei enorme investeringane regjeringa og støttepartia legg opp til i NTP, finn me det rart at Arna-Voss og Ringeriksbanen er utsatt.

Ringeriksbanen har vore planlagt og diskutert i snart 130 år. Fortsatt ventar me på byggestart. I august 2015 kom gladmeldinga om at regjeringa planla for byggestart i 2019.

Ringeriksbanen er mykje meir enn berre Hønefoss-Oslo. Den er viktig for heile strekninga, og alle stasjonar langs Bergensbanen. Ringeriksbanen er det første trinnet på å oppnå fire timars reisetid mellom Oslo og Bergen, som vil bety eit stort løft for jernbana. Då kan den konkurrere med til dømes fly for mange reisande. Ringeriksbanen er sjølvsagt spesielt viktig for Ringeriksregionen, som vert integrert med hovudstadsregionen.

Det har vore eit mantra frå regjeringa at planleggingstida skal ned. Det har vore heilt i tråd med regjeringa si store satsing på jernbane, som dei har fått velfortjent skryt for. For Ringeriksbanen sin del har det vore snakk om så mykje som fem års innsparing på planleggingstida. Dette har blitt gjentatt fleire gonger. Statsminister Erna Solberg sa at Ringeriksbanen ville få oppstart i 2019 og vere ferdig i 2024, då ho vitja Øst-Vestkonferansen i mars 2016:

– Vi arbeider ut fra byggestart i 2019. Det vil kreve mye av dem som planlegger, men så sant vi ikke møter på noe uforutsett i planleggingen er det mulig med byggestart i 2019, og at banen står ferdig i 2024, sier hun.

No er meldinga at Ringeriksbanen er utsatt. Påstanden er at planlegginga tar for lang tid.

Fellesprosjektet for Ringeriksbanen og E16 skriv på si nettside at ambisjonen deira er byggestart i 2019. Forum Nye Bergensbanen har ikkje fått ein einaste indikasjon på at planlegginga ligg bak skjema.

Skjermdump, Banenor.no

Det andre store prosjektet for Bergensbanen, K5 Arna-Voss, er òg utsatt. Då konseptvalet vart presentert, 8. desember 2015, var utgangspunktet byggestart i 2020/21. No er prosjektet utsatt til 2024.

Arna-Voss er spesielt viktig på grunn av dei livsfarlege fjellskrentane som bana og vegen går langs. Det går jamnlege ras langs E16 og Vossebana. Reisetida vil òg gå kraftig ned som følge av utbygginga, og Bergen vil få ein moglegheit til å vekse austover på miljøvenleg vis som følge av jernbaneutbygginga.

På pressekonferansen 28. februar vart utfordringar med jernbanen presentert som årsaka til utsetjinga. I spørsmålsrunden etterpå kom økonomi òg fram. Ifølge planleggarane var ikkje tidsplanen i fare før NTP-presentasjonen. I tida etter pressekonferansen i Arna er det blitt kjent at vegdelen av K5 Arna-Stanghelle har blitt dyrare, mest på grunn av koplinga til Ringveg Aust. Totalt sett for bane og veg er prisen gått opp med omlag fire milliardar. Dette rimar dårleg med påstanden om at det var jernbana som kompliserte planlegginga.

I både Ringeriksbanen og K5 Arna-Voss sitt tilfelle, brukar ein altså auka planleggingstid som argument, medan den eigentlege grunngjevinga, økonomi, først kjem fram seinare.

Regjeringa og deira representantar skriv at prosjektet ikkje er utsatt, sidan det ikkje låg inne med pengar i NTP 2014-2023. Då overser dei løftene som regjeringa sjølv har komt med; det er dei som har sendt forventningane om tidleg byggestart i taket. Når dagens regjering med støtteparti seier at førre regjering ikkje bevilga ei krone i perioden 2014-2023 er det korrekt – men det gjer ikkje dagens regjering heller. K5 med veg og bane får tidlegast oppstart i 2024.

Dette betyr at staden der raset tok med seg ein lastebil 8. juni 2016 kan forbli usikra i 17 år. Det einaste som er sikkert på strekninga Arna-Voss er at det siste raset ikkje har gått. Og med utsetjinga blir det tid til endå fleire ras.

I grunnlagsdokumentet til NTP var Arna-Stanghelle eit bundne prosjekt. Hovudgrunnen til dette er EU sitt tunneldirektiv, som trer i kraft i 2019. Det er planlagt å bruke mange hundre millioner kroner på å oppgradere trunnelar på strekninga, noko som statsråd Ketil Solvik-Olsen anser som unødvendig. Det er no uklart om ein får dispensasjon, slik at ein slepp å oppgradere tunnelane til Stanghelle. Viss denne dispensasjonen ikkje gis kan utsetjinga bli svært dyr.

Både stortingsmeldinga og forhandlingsresultatet er fortsatt hemmeligholdt, og er berre blitt spreidd munnleg og via pressemeldingar. Forum Nye Bergensbanen tar forbehold om det som kjem fram her, då informasjonen ikkje er frigjort frå regjeringa.


For ytterlegare kommentar, kontakt:

Hans-Erik Ringkjøb, Styreleiar: 97 13 87 20
Morten Myksvoll, dagleg leiar: 99 31 48 25