Ber departementet unngå stenging av Bergen stasjon

Forum Nye Bergensbanen ber samferdsledepartementet om å vurdere alle andre løysingar for Bergen stasjon, enn å stenge for persontransport i lang tid.

Utbygginga av Bergen-Fløen har blitt mykje dyrare enn først antatt. Når ein no skal vurdere innsparingstiltak er det likevel viktig å hugse på at prosjektet òg er meir omfattande enn det dei første prisanslaga omfatta. Difor er det ikkje rett å seie at all kostnadsauken er ein sprekk.

Ei stenging av Bergen stasjon vil òg for persontransport vere svært negativt. Det vil ha store konsekvensar for pendlartrafikken lokalt og regionalt, men òg for reisande mellom Bergen og Oslo. Det er anslått at ei stenging i åtte månader kan påverke to millionar reisande. Forum Nye Bergensbanen er særs bekymra for at dette vil føre til ei stor auke i biltrafikken i Bergen, på det som er ein dårleg veg.  Pendlarar på Vossabana har erfaring med buss for tog, og Forum Nye Bergensbanen meiner at det ikkje er ei tilfredsstillande løysing i ein så lang periode som det her er snakk om.

Lokaltoget mellom Arna og Bergen bidrar med nær 50 % av all persontransport mellom Arna og Sentrum, og det finst ikkje konkurransedyktige alternativ, då reisevegen med bil og buss er mykje lengre. Vegnettet i Bergen er sterkt belasta frå før, og byen har store utfordringar knytt til lokal luftforureining.

Forum Nye Bergensbanen ser det ikkje som akseptabelt at ansvarlege styresmakter går inn for stenging av Bergen stasjon før ein har vurdert andre tiltak som kan bidra til reduserte kostnader. Det må samtidig bli vurdert om innsparinga verkeleg vert i den storleiken som har blitt anslått, nemlig omlag 400 millionar kroner, då det er grunn til å tru at ei stenging vil gi alternativkostnader i form av både tapte billettinntekter og kostnader knytt til alternativt transporttilbod. Dersom konklusjonen skulle bli at det ikkje er mogleg å halde Bergen stasjon i full drift, må ei eventuell redusert drift skje på ein slik måte at konsekvensane for dei reisande vert minst mogleg negative. Forum nye Bergensbanen ser det som særlig viktig at tilbodet for lokaltransport mellom Arna og Bergen skjermast så godt som råd.

Forum Nye Bergensbanen vil understreke kor viktig det er, uansett kva løysing ein landar på for persontransporten, at godstrafikken får gå inn til Bergen stasjon. Konsekvensane av eit stopp i denne aktiviteten kan bli ei varig svekking av Bergensbanen si sterke rolle i godstransporten.

Foto: Eckligt, Flickr.com.  


Legg igjen ein kommentar