– Me har store forventningar inn mot budsjettforhandlingane, seier Hans Erik Ringkjøb, styreleiar i Forum Nye Bergensbanen. – Me reknar med at opposisjonen vil presse på for ei raskare utbygging av ny tog og bane mellom Arna og Voss.

Raset 8. juni viste tydeleg at det ikkje berre er strekninga Arna-Stanghelle som er prekær og farleg, fortsetter Ringkjøb.

– Forslaget til statsbudsjett leverer eigentleg som forventa, seier Morten Myksvoll, dagleg leiar i Forum Nye Bergensbanen. – Men det ferdigbehandla budsjettet har me endå høgare forventningar til.

Det er lagt inn planleggingsmidlar til Arna-Stanghelle, Ringeriksbanen, og ny godsterminal i Bergen, samt pengar til ei rekkje mindre tiltak langs strekninga. Statsbudsjettet følgjer òg opp lovnaden om nye togsett på Vossebana, og bygginga av dobbeltspor mellom Arna og Bergen får fortsatt finansiering. 

– For Bergensbanen er dette eit godt budsjett, seier Ringkjøb, men legg til at heilskapeleg planlegging av Arna-Voss er tvingande nødvendig.