Det er den såkalla Hordalandsdiagonalen som utløyser den radikale reisetidsreduksjonen. Den ligg til grunn for at Statens Vegvesen anbefaler Riksveg 52 Hemsedal framfor Riksveg 7, over Hardangervidda, i tillegg til E134 over Haukeli.

Forum Nye Bergensbanen forstår behovet for å ruste opp sambanda mellom aust- og vestlandet, men er kritisk til investeringar som utfordrar dei politiske måla om jernbanetransport. Regjeringa har derimot ikkje tinga ein Hordalandsdiagonal.

Frykta er ikkje så stor når det gjeld persontransport. Med utbyggingane som er under planlegging vil Bergensbanen bruke mindre enn fem timar. Målet er å få det ned til maksimalt fire timar. Det er konkurransedyktig med fly, som tar omlag tre timar frå sentrum til sentrum. Det er òg konkurransedyktig med bil, sjølv med 4,5 timar reisetid.

Det er meir problematisk på godstransport.

Det er stor semje i norsk politikk om at veksten på godstransport skal tas av jernbana. Viss reisetida vert så liten som 4,5 timar frå Oslo til Bergen er det grunn til å frykte at jernbana taper godsandelar. Det skjer i dag på strekninga Oslo-Trondheim. Det er negativt for klima, lokalmiljø, og er lite effektivt. Desse planane kjem samtidig som godstoga opplever ein sprengt kapasitet.

I grunnlagsdokumentet til Nasjonal Transportplan er det lagt opp til ei storstilt satsing på både person- og godstransport på bane.

Fleire prosjekt er omtalt i Forum Nye Bergensbanen si høyringsuttale til NTP.

Det vil vere synd om statlege planar for vegtransport undergraver statlege planar for jernbanetransport.