– Land of opportunity!

Ny veg og bane mellom Arna og Stanghelle kan stå ferdig i 2026, ifølge Jernbaneverket. Mange møtte opp i Dale då transportetatane presenterte framdrifta på gigantprosjektet.

Dette er første byggetrinn i arbeidet med ny E16 og bane mellom Arna og Voss. – Me ser for oss byggestart i 2021, seier Lars Christian Stendal, frå Jernbaneverket. – Me er veldig ambisiøse, og trur me skal klare å vere ferdig i med første etappe i 2026, sa Stendal vidare.

Fleire uttrykte stor entusiasme for framdrifta i prosjektet. – Det er nesten som eg ikkje trur på deg, sa ein tilhøyrar til Stendal. Ein annan meinte at det var så store fordelar for bygdene langs traséen, sjølv om det får negative følgjer. – Den gåva me har fått her må me ta imot og bruke for alt det er verdt, sa han.

– Det er eit veldig stort prosjekt, med ein totalpris på 33 milliardar kroner, fortsatte Stendal. – Det vil spare mykje reisetid, men det vil òg gjere både veg og jernbane mykje tryggare.

Raset vart tema
Møtet handla primært om Arna-Stanghelle, og gårsdagens ras var i utgangspunktet ikkje tema. – Me kan ikkje venta til 2025-26 med å starte på den strekninga der raset gjekk, sa ein tilhøyrar. – Me må få fortgang på Stanghelle-Voss, understreka han.

– Raset som gjekk i går understreka det me sa i KVUen, svarte Stendal. – Me har begynt på den rette strekninga, der det er størst trafikk og størst risiko. Det som skjer vidare no er politikk og politiske prioriteringar, fortsatte Stendal.

– Me vil bruke moglegheita vår til å påvirke for å få fortgang på Stanghelle-Voss, slo Vaksdal-ordførar Eirik Haga. Siste ord er ikkje sagt om framdrifta, altså.

Skjermbilde 2016-06-09 21.47.10
Hovudvegen mellom Bergen og Oslo er svært rasutsett. Derfor vert det planlagt ny veg mellom Arna og Voss.

Store kryss, trange dalar
Begge etatane presenterte sine skisser for korleis ein skal løyse kryss og stasjonar i Arna, Romslo, Vaksdal, og Stanghelle. Det er svært komplisert å få på plass så store stasjonar og kryss, og det er trange dalar og små marginar. I tillegg vil det komme svært nær, og i nokre tilfelle over, eksisterande bygg.

Ein sentral del av den silingsprosessen av ulike forslag går på å finne ut kvar ein skal treng fulle kryss, og kvar det er nok med halve. Eit fullt kryss betyr at ein kan køyre av og på i begge retningar, men krev 1.000 meters lengde. Halve kryss betyr at ein berre kan køyre av og på i ein retning, og at dei som skal i motsatt retning må køyre litt på den lokale vegen.

Skjermbilde 2016-06-09 21.46.45
Skisse over to alternative plasseringar for ny jernbanestasjon i Vaksdal.

Desse skissene er ein del av forarbeidet til reguleringsarbeidet, og det vart varsla at silingsrapporten og planprogrammet vert lagt fram i desember 2016. – Om ein hadde fulgt den vanlege planprosessen hadde dette tatt to år meir, sa Kjell Kvåle frå Statens vegvesen.

Følg med på framdrifta på Statens vegvesen si prosjektside.


Legg igjen ein kommentar