Byrådet opplyser om dette i ei pressemelding.

– Det er positivt at byrådet veljer å gå for eit av dei realistiske alternativa, altså dei som har overlevd Jernbaneverket si silingsprosess, seier Morten Myksvoll, dagleg leiar i Forum Nye Bergensbanen. – Byrådet fortjener ros for å peike på eit prosjekt som, på tross av store protestar, gir Bergensbanen moglegheit til å frakte meir gods, på den mest miljøvenlege måten.

– Dette er noko Bergen og Hordaland bør samle seg om.

Byrådet ber samtidig Jernbaneverket om å vurdere ei utgreiing av ein fjellhall. – Det burde vere unødvendig, men fører neppe til ei utsetjing av prosjektet, seier Myksvoll. – Kravet til den nye terminalen er ei minimumsbreidde på 130 meter, noko som kan bli svært dyrt å løyse inne i fjell.

Forum Nye Bergensbanen har med anna som mål at all vekst i godstrafikken langs traséen skal tas av jernbana. Då er det essensielt å få på plass ein ny, større og meir effektiv godsterminal i Bergen. Der er kapasiteten så godt som full i dag. – Alternativet til å bygge ny godsterminal er at Bergen ville fått meir og meir gods frå austlandet med lastebil, noko som er dårleg for miljøet, lite effektivt, og i strid med nasjonale føringar, avsluttar Myksvoll.

Byrådet sitt innspel er ein del av høyringsrunden til Jernbaneverket si konseptvalutgreiing (KVU). Før regjeringa skal bestemme seg for kvar godsterminalen skal ligge, blir det gjennomført ei ekstern kvalitetssikring av KVUen.

For ytterlegare kommentar:

Morten Myksvoll
Dagleg leiar, Forum Nye Bergensbanen
99 31 48 25

Byrådet sitt høyringssvar: