Bergensbanen prioritert i Hordaland

To viktige innspelsmøter til NTP tyder på brei semje om dei største samferdsleprosjekta i Hordaland.

I går arrangerte Bergen Næringsråd innspelsmøte saman med Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune, NHO Hordaland, LO Hordaland og Næringsalliansen. I førre veke var statsråd Ketil Solvik-Olsen på besøk på NHO Hordaland sitt eige høyringsmøte.

På vegne av Bergensalliansen definerte byrådsleiar i Bergen, Harald Schjelderup (Ap), i dag ny jernbane og veg mellom Arna og Voss som eitt av dei prosjekta fylket må stå samla om. Han trakk òg fram Ringeriksbanen som eit viktig prosjekt for Hordaland.

Statsråd Ketil Solvik-Olsen hjå NHO Hordaland.
Statsråd Ketil Solvik-Olsen (Frp) hjå NHO Hordaland.

Det etterlatte inntrykket etter dei to konferansane er at E16 og Bergensbanen vert sett på som viktig i heile fylket. Dei andre prosjekta som fylket ser ut til å stå saman om er ferjefri E39, Sotrasambandet og bymiljøpakke for Bergen. – Jeg er trygg på at vi vil komme frem til et felles dokument, og vi vil utfordre de økonomiske rammene i NTP, sa fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Ap).

I transportetatane sitt grunnlagsdokument til Nasjonal Transportplan vert det satsa stort på Bergensbanen. Ringeriksbanen ligg an til byggestart i 2019 og Arna-Stanghelle i perioden 2018-21. Framlegget prioriterar òg ei stortstilt satsing på godstransport langs Bergensbanen, med nødvendige kryssningsspor og oppgraderingar av terminalområder både i Bergen og i Oslo.

Grunnlagsdokumentet er no på høyring. Basert på dette skal regjeringa lage ei stortingsmelding som Stortinget skal behandle i vårsesjonen 2017.

Skjermbilde 2016-04-14 kl. 11.49.30


Legg igjen ein kommentar