Store forventningar til NTP

Statsråd Ketil Solvik-Olsen mottar mandag transportetatane sitt grunnlagsdokument for Nasjonal transportplan 2018-2029. Sjå framlegginga her. 

Forum Nye Bergensbanen forventar at NTP legg opp til byggestart for Ringeriksbanen i 2019, slik regjeringa lova i fjor haust. Ringeriksbanen er det viktigaste tiltaket for å nå målet om at Bergensbanen skal komme under fire timars reisetid.

Me forventar òg at utbygginga av jernbanen mellom Arna og Voss vert prioritert i planen, slik at byggestart kan kome seinast i 2020/21. Ferdig utbygd vil Arna-Voss-utbygginga forkorte reisetida mellom Bergen og Oslo med 41 minutt. Strekninga er i dag svært rasutsatt, og det hastar med å komme igang med det første byggetrinnet Arna-Stanghelle.

Forum Nye Bergensbanen har òg forventningar til at det vert lagt inn nye kryssingsspor og utbetringar av stasjonar langs strekninga.

Pressekonferansen startar kl. 10:00. Du kan sjå den i videovindauget nedanfor, eller på Regjeringa sine nettsider.


Legg igjen ein kommentar