– Eg gler meg veldig til å ta fatt på arbeidet, seier Myksvoll. – Det er berre nokre veker til
Nasjonal transportplan vert lagt fram, og forventingane til både Ringeriksbanen og Arna-Voss
er store.

– Det er stort press på at staten moderniserer Bergensbanen, og me forventar byggestart
snarast mogeleg, fortsetter Myksvoll. – Den nye Bergensbanen er eit ypperleg miljøprosjekt,
den vil erstatte livsfarlege og rasutsatte strekningar og den vil skape sterke bu- og
arbeidsregionar langs traséen.

Myksvoll kjem frå jobben som næringspolitisk rådgjevar i Bergen Næringsråd. Den forrige
leiaren, Adelheid Nes, gjekk ved nyttår over i ny stilling i Statens Vegvesen.
Forum Nye Bergensbanen arbeider for at Ringeriksbanen skal ha byggestart i 2019, at
Bergensbanen skal bruke mindre enn fire timar mellom Bergen og Oslo, at all auke i
godstrafikk på strekninga skal tas av banen og at banen skal ha ein komfort på linje med
europeiske høgfartsbaner.

13 kommunar og 3 fylkeskommunar langs traséen er medlemmer i Forum Nye
Bergensbanen.

For ytterlegare kommentar, kontakt:
Hans-Erik Ringkjøb, styreleiar – 97 13 87 20
Morten Myksvoll, dagleg leiar – 99 31 48 25