Arna-Voss

Arbeidet med konseptval for ei ny jernbanestrekning mellom Arna og Voss starta i 2012. I 2014 vart KVU-rapporten overlevert departementet, og i 2015 landa regjeringa ned på eit konseptval. Byggestart for den første strekninga, Arna-Vaksdal kan komme i 2020. 

Reisetid for jernbana er i dag på 63 min Voss – Arna. For konseptvala K1, K2 og K4 var dette tilnærma uendra. Konsepta K3 og K5 vil gi ei reisetid mellom Bergen og Voss på ca. 32 min. Forskjellen på K3 og K5 er at vegen òg vert innkorta, og fleire tunnelar vert felles mellom veg og bane.

8. desember 2015 offentleggjorde regjeringa at dei gjekk for konseptet «K5 – Stor innkorting bane og veg – kombinasjonsløysing», som vist på dette kartet:

K5

Viktige dokument: 

KVU Arna-Voss

Kvalitetssikring (KS1) av Voss-Arna

Supplerende utredning til KVU Arna-Voss

Mogelegstudie: Bergensbaneregionen 2040

Viktige lenker:

Statens Vegvesen – Voss-Arna (KVU)

Jernbaneverket – Voss-Arna (KVU)


Legg igjen ein kommentar