Regjeringa går for K5

"Me har valt å gå for konsept K5" Etter desse forløysande orda frå Ketil Solvik Olsen kunne alle som følgde pressemøtet i riggen på Arna Stasjon tysdag 8. desember, sleppe jubelen laus.

Hans Erik Ringkjøb meinte at dette var ei historisk beslutning. «No har vi tatt Bergensbanen tilbake. Vi har hatt Bergensbanen i 100 år, no startar 100 nye». Eirik Haga uttalte at «Vi skal hjelpe regjeringa til suksess». Det er ikkje tvil om at avgjerda om å gå for K5 vekte svært stor glede og jamvel fleire blanke auge på pressemøtet i Arna. Og også i befolkinga elles som kjenner på frykten ved å bruke denne vegen både privat og som arbeidsstad, er det svært stor lettelse over dette vedtaket.

K5 er alternativet som er tilrådd av etatane både i KVU-arbeidet, og i ei tilleggsutgreiing som kom no i haust. K5 inneber heilt ny trasé for både veg og bane, strekninga mellom Arna og Voss vert kraftig innkorta, og åtte lange tunnellar vil gje fullverdig rassikring. Vegen vil få fire felt til Romslo, deretter to-felts møtefri veg med midtdelar til Voss. Jernbanen vil få dobbelspor, og langt høgare køyrefart. Med dette vil jernbanen få ei kraftig auke i kapasitet, og togturen frå Bergen til Voss vil ta 32 minuttar. Saman med Ringeriksbanen vil K5 føre til at reisetida med tog frå Oslo til Bergen vil nærme seg 4 timar og 30 minuttar.

Regjeringa følgjer tilrådinga om å starte med strekket Arna-Stanghelle. Dette første byggetrinnet vil ha ein prislapp på rundt 15 milliardar. Statleg plan skal leggast til grunn, og med raskast mogeleg planarbeid, vil bygginga kunne starte i 2020. Det skal også leggast til grunn ein planprosess der ein går rett på reguleringsplan, og departementet ber etatane om å komme raskt tilbake med ei vurdering av eventuelle utfordringar knytt til ei slik effektiv planframdrift.

Oppdragsbrevet frå departementet: Oppdragsbrev Arna-Voss

Pressemelding frå departementet: Pressemelding


Legg igjen ein kommentar