Fullt utbygd vil K5 gje ei køyretid på 32 minuttar frå Bergen til Voss. Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen lovar ei rask avklaring om val av konsept for betre veg og bane mellom Arna og Voss.

Jernbaneverket og Statens vegvesen leverte i 2014 ei konseptvalutgreiing for veg og bane Voss-Arna. Tilrådingane i denne konseptvalutgreiinga og den påfølgjande kvalitetssikringa var motstridande. Jernbaneverket vart difor bedne om å gjennomføre ei tilleggsutgreiing.

Etter ein gjennomgang av fleire ulike tilnærmingar for Vossebanen, held tilleggsutgreiinga fast ved transportetatane sitt tilrådde konsept, K5. Dette betyr å byggje ut både ny veg og bane på strekninga. Utbygginga kan gjerast i etappar og tilrådinga er å starte ved Arna og la den første etappen gå til Stanghelle. Etappevis utbygging med oppstart i Arna gir størst utelling på køyretid, kapasitet og tryggleik. I tilleggsutgreiinga er det gjort vurderingar av ulike løysingar med lågare investeringsnivå. Desse alternativa gir ikkje dei effektane ein ynskjer å oppnå for ein trygg og påliteleg bane med redusert reisetid og god kapasitet også for godstrafikk, heiter det i konklusjonen på utgreiinga.

«Tilleggsutgreiinga gir oss utfyllande kunnskap som er viktig i den vidare handsaminga av kva som skal skje på den rasutsette strekninga Arna-Voss», seier samferdsleministeren. Han lovar ei rask avklaring om val av konsept for betre veg og bane mellom Arna og Voss.

Supplerende utretning til KVU Arna-Voss.