Ekstern kvalitetssikring støttar utgreiingane om Ringeriksbanen

Den 24. juni 2015 la kvalitetssikrarane fram si vurdering av utgreiingsarbeidet for Ringeriksbanen. Dei meiner at ugreiingane er gode og etatane sine tilrådingar får full støtte.

I kvalitetssikringsrapporten er den berekna nytteverdien auka i høve til etatane si utgreiing, og ein stor del av dette kan tilskrivast dei lange reisene. Med andre ord vil Ringeriksbanen i tillegg til å knyte Ringerike og Oslo saman til ein felles bu- og arbeidsmarknad, også gje eit vesentleg betre tilbod til dei langvegsfarande med Bergensbanen.

Samferdselsdepartementet og Finansdepartementet har fått gjennomført ekstern kvalitetssikring av dei tre utgreiingsrapportane som Jernbaneverket og Statens Vegvesen har utarbeida om Ringeriksbanen. I all hovudsak støttar kvalitetssikringa opp under tilrådingane som er gjevne i utgreiingsarbeidet. Dette inneber mellom anna at strekninga Sandvika-Hønefoss bør byggast ut med dobbelspor, og at traseen bør gå via Kroksundet og ikkje via Åsa.

Vidare kjem kvalitetssikrarane i Dovre Group og Transportøkonomisk Institutt fram til eit betre samfunnsøkonomisk resultat. Dei har rekna seg fram til at Ringeriksbanen vil koste 19 milliardar kroner og ha ein netto noverdi på -10,9 milliardar kroner, medan etatane hadde rekna med ein kostnad på 19,7 milliardar og netto noverdi på -15,7 milliardar kroner. Ifølge kvalitetssikringsrapporten vil Bergensbanen få langt fleire reisande når Ringeriksbanen reduserer reisetida mellom Aust- og Vestlandet med ein heil time, og heile 80% av den berekna nytteverdien kan tilskrivast dei lange reisene. Med 90 minuttars frekvens vil antal reisande med Bergensbanen frå Austlandet til Vestlandet stige med 1500 passasjerar dagleg. Dette er om lag ei dobling av talet på passasjerar.

Utgreiingsrapportane tilrår felles planlegging og utbygging av Ringeriksbanen og E16 Skaret-Hønefoss, og kvalitetssikrarane støttar også denne tilrådinga.

Ekstern kvalitetssikring – Ringeriksbanen


Legg igjen ein kommentar