Vi forventar full framdrift for Ringeriksbanen

I dag la Jernbaneverket og Statens Vegvesen fram silingsrapport for Ringeriksbanen. Forum Nye Bergensbanen er svært tilfreds med at det med dette ligg føre ei tilråding om trasé.

No må regjeringa vise handlekraft, og gje Jernbaneverket og Statens Vegvesen mandat til å halde fram planarbeidet parallellt med den politiske handsaminga. Berre slik kan ein nå målet om byggestart tidleg i 2019.

Forum Nye Bergensbanen er svært tilfredse med den raske framdrifta vi har sett hittil i planlegginga av Ringeriksbanen. Her har regjeringa vist sterk politisk vilje, og etatane har følgt opp med å foreslå ein ambisiøs planprosess med rask framdrift . I NTP-behandlinga i juni 2013 gjekk eit samla Storting inn for byggestart av Ringeriksbanen i 2018.

Styreleiar i Forum Nye Bergensbanen Mona Hellesnes uttaler at «Det er svært viktig at regjeringa følgjer opp med raske avklaringar og tydelege signal slik at rask framdrift og byggestart i 2018/19 kan sikrast. No er det opp til regjeringa å følgje opp den ambisiøse framdriftsplanen. Dette er handlekraft i praksis!» Jernbaneverket og Statens Vegvesen har i tidlegare notat vist at byggestart tidleg i 2019 er mogeleg. Ein føresetnad for å klare dette er overlapp mellom dei ulike planstega.

Dette betyr mellom anna politisk handsaming parallellt med oppstart av neste plansteg. Vi forventar difor at regjeringa no gir Jernbaneverket og Statens Vegvesen mandat til å halde fram planarbeidet utan avbrot, slik at vi ikkje taper tid medan regjeringa føretek si politiske hansaming. Dersom etatane ikkje får dette mandatet, må regjeringa ta ansvaret for forseinka byggestart av Ringeriksbanen.


Legg igjen ein kommentar