Tema for seminaret var: Ringeriksbanen frå politisk ønske til realisering – kva må til? Trond Helleland og Martin Kolberg var vertskap saman med FNB. Hovudinnleiarar var Idar Kreutzer, adm. dir. i Finans Norge, og Lars Christian Stendal, regional plan og utviklingsdirektør i Jernbaneverket.

«Det er det samme om katta er hvit eller svart, bare den fanger mus» kommenterte Idar Kreutzer. Temaet var alternative finansieringsmodellar for utbygging av infrastruktur. Han oppfordra politikarane til å vere pragmatiske og finne løysingar som gjer det mogeleg å forsere bygging av miljøvennleg infrastruktur som alle er einige om å realisere, så får vi også nytte av utbygginga langt tidlegare.   Norske pensjonsinnretningar disponerer 1300 milliardar kroner som skal plasserast langsiktig og med låg risiko.  Det er ikkje flust av investeringsalternativ for desse pengane. Her er det mogeleg å få til ein perfekt match mellom investeringsbehov og utbyggingsbehov, og no er det attpåtil rom for å gjere dette i ein litt avkjølt økonomi. Idar Kreutzer peika på fleire ulike alternative måtar å organisere dette på, og inviterte politikarane til vidare diskusjonar.

«Hvis vi er skikkelig gode, klarer vi å planlegge Ringeriksbanen på halve tiden» sa Lars Christian Stendal i sitt innlegg. Han var også tydeleg på kva dette føreset: Vedtak om statleg plan før utgangen av januar 2015, val av trasé og oppstart av reguleringsplanarbeid umiddelbart etter at utgreiingsarbeidet er levert, kvalitetssikring parallelt med planarbeidet og raske politiske vedtak gjennom heile prosessen. Ringeriksbanen må planleggast sammen med E16, og prosjektorganisasjonen må få klare mandat. For å unngå lange og forseinkande runder med innsigelseshandsaming er det etablert ei konfliktløysingsgruppe på direktoratsnivå. Dei har alt starta arbeidet og det blir rapportert om stor entusiasme blant alle som deltek i dette pilotprosjektet.

Byrådsleiar i Bergen, Martin Smith-Sivertsen poengterte at Ringeriksbanen også er viktig for Bergen og Vestlandet, og Kjell Hansen, ordførar i Ringerike, gjorde det klart at dei vil vere ein konstruktiv samarbeidspartnar og er klare til å bidra for å få Ringeriksbanen på skinner så fort som mogeleg.

I spørsmålsrundene etter innlegga vart det uttrykt stor tilfredshet med at intensjonen med den nye plan- og bygningslova blir utnytta til fulle i dette prosjektet. Det vart også poengtert at det må finnast gode og hensiktsmessige løysingar for organisering og finansiering slik at bygging kan kome i gong som føresett tidleg i 2019.

Idar Kreutzers presentasjon.

Lars Christian Stendals presentasjon.