Dei tilrår samtidig å gå bort frå alternativet med trasé over Åsa. Forum Nye Bergensbanen støttar fullt opp om denne konklusjonen, og ber om at departementet umiddelbart vedtar at Åsa utgår som reelt alternativ til korridor for Ringeriksbanen. Forumet er også svært tilfredse med at ambisjonane til Regjeringa om ei halvering av plantida kan realiserast gjennom bygging av Ringeriksbanen.

Forumet forventar no at Regjeringa følgjer opp den ambisiøse framdriftsplanen med rettidige og naudsynte vedtak. Styreleiar i Forum Nye Bergensbanen, Mona Hellesnes, er svært nøgd med det ambisiøse planløpet. «Med ein slik plan vil Ringeriksbanen vere ferdig samstundes som resten av indre InterCity. Dette er eit stort løft på vegen mot ei moderne og framtidsretta jernbane mellom dei to største byane i Noreg. I tillegg opnar dette opp for ei ny og framtidsretta utvikling i nordvestkorridoren ut frå Oslo, eit område med eit stort og uutnytta potensiale.

For Ringeriksregionen startar ein heilt ny æra med denne banen.» Kjell Hansen uttaler at han er utålmodig etter å komme i gang med alle utviklingsplanar regionen har: «Vi har høye og ambisiøse målsetninger for den utvikling som nå blir mulig her i Ringeriksregionen, og er selvsagt veldig glade for at Ringeriksbanen som ble vedtatt bygget av Stortinget allerede i 1992, nå er svært nærme en realisering. Vi er klare til å ta vårt ansvar for å bidra til en god og bærekraftig utvikling for det sentrale Østlandet i en situasjon med arealknapphet, kapasitetsmangler og befolkningsøkning.

Næringslivet på Ringerike støtter helhjertet opp om Ringeriksbanen, og står klare med store investeringer så fort et endelig utbyggingsvedtak foreligger.» Jernbaneverket og Statens vegvesen sitt notat om Ringeriksbanen, gjev, saman med tidlegare arbeid, eit solid grunnlag for val av korridor. Forum Nye Bergensbanen meinar at det vil vere bortkasta å bruke meir ressursar på vidare utgreiingar av Åsa-alternativet.

Ein føresetnad for den raske planleggingstida, er at oppbygginga av organisasjonen som skal utføre arbeidet må starte opp umiddelbart, og at det vert fatta vedtak om planløpet så tidleg som mogeleg og seinast innan levering av silingsrapporten 31. januar. Forumet meinar at statleg plan er naudsynt for å halde planlagt framdrift og for å kunne handtere ulike konflikter raskt.

Det må snarast opprettast ein felles organisasjon for Ringeriksbanen og E16 med dedikert ansvar for prosjektet. Korte beslutningsvegar, raske avklaringar, klare fullmakter og forutsigbar finansiering er avgjerande suksessfaktorar. For å sikre gjennomføringskraft og forutsigbar finansiering, meinar forumet at sjølve utbygginga må organiserast som eit selskap med eigna juridisk status.