Det er i framlegg til statsbudsjettet sett av midlar til vidare planarbeid. Forum Nye Bergensbanen er tilfreds med at regjeringa med dette bekreftar at Ringeriksbanen er prioritert på linje med øvrige InterCity strekningar. Vi er likevel uroa over manglande avklaringar angåande planprosess, framdriftsplan og organisering. Her hadde vi forventa langt meir. I NTP-behandlinga i juni 2013 gjekk eit samla Storting inn for byggestart av Ringeriksbanen i 2018/19.

Styreleiar i Forum Nye Bergensbanen Mona Hellesnes uttaler at «Det er svært viktig at regjeringa følgjer opp med tilstrekkelege bevilgningar og tydelegare signal slik at rask framdrift og byggestart i 2018/19 kan sikrast».

Regjeringa set av 25 millionar til vidare planlegging av Ringeriksbanen og bekreftar samtidig at Ringeriksbanen blir ein del av InterCity-strekningane. Forum Nye Bergensbanen er tilfreds med at regjeringa med dette bekreftar at Ringeriksbanen har høg prioritet, på linje med øvrige InterCitybaner ut frå Oslo.

Vi vil samtidig påpeike at forslaget til statsbudsjett ikkje svarar ut Stortinget sin merknad til NTP der ein gjekk inn for byggestart for Ringeriksbanen i 2018/19. Ringeriksbanen er eit prosjekt som eignar seg svært godt for raskare planlegging, meir effektiv prosjektgjennomføring og reduserte utbyggingskostnader. Gjennom dette prosjektet kan regjeringa nå fleire av sine politiske mål for framtidige store infrastrukturprosjekt.

No er det viktigare enn nokon gong at departementet og regjeringa følgjer opp med planmidlar, raske beslutningar og tydelege avklaringar slik at målet om byggestart i 2018/19 kan realiserast