Lars Christian Stendal, plan- og strategidirektør i Jernbaneverket Region Vest, uttalar til BT at dette er nok til å halde full framdrift i planleggingsarbeidet. Statens vegvesen har fått same sum til si planlegging av E16 Skaret-Hønefoss. Vidare er det presisert i statsbudsjettet at Ringeriksbanen skal vere ein del av InterCity-strekningane, men det er ikkje gitt klare signal om når Ringeriksbanen skal stå ferdig. Forum Nye Bergensbanen har i ei pressemelding presisert forventningar om at regjeringa følgjer opp stortinget sin merknad til NTP om byggestart for Ringeriksbanen i 2018/19.

Det er vidare sett av 390 millionar til vidare arbeid med ny Ulrikstunnel og planlegging av dobbelspor Bergen-Fløen. Desse prosjekta er foreslått framskynda slik at det kan startast dobbeslpora trafikk på strekningen Bergen-Arna allereie i 2020

Til mindre (men minst like viktige) fornyingstiltak langs Bergensbanen er det sett av 95 millionar kroner. Desse midlane vil i hovudsak gå til oppgraderingar på strekningane Myrdal-Haugastøl og Bergen-Dale.