I eit møte på Voss 1. april fekk samferdselsminister Ketil Solvik Olsen overlevert KVU-rapporten med tilrådinga som er utarbeidd av Jernbaneverket og Statens vegvesen i fellesskap. I rapporten er det også foreslått ny trasé for vegen som vil gje ei vesentleg betre trafikksikker vegstekning og køyretid for bil frå Arna til Voss på 46 minuttar. KVU-rapporten viser også at ein ved å velje dette alternativet kan spare inn heile 10 milliardar kroner på samtidig planlegging og utbygging. Mykje av innsparinga ligg i at ein ved å bygge veg og bane parallelt, slepp å bygge eigne rømningstunnelar. Skulle det skje noko i ein banetunnel, kan passasjerane rømme til vegtunnelen, og vice versa.

– I dag tek det 1time og 15minuttar med tog mellom Bergen og Voss. Med ny Vossabane kan reisetida kome ned i 32 minuttar. Med tre kvarter spart blir det ein heilt ny kvardag både for næringsliv og for folk flest. Planen som Vegvesenet og Jernbaneverket presenterer i dag er svært viktig for å nå målet om ein rask og framtidsretta Bergensbane, seier Mona Haugland Hellesnes som er styreleiar i Forum Nye Bergensbanen (FNB).

10 milliardar i sparte investeringsmidlar er mykje pengar. Det er nesten umulig å ikkje gå for eit alternativ som er så smart som dette. Her får vi ei sterkt redusert reisetid til Voss og Oslo, vi får auka kapasiteten kraftig, med mulighet for overføring av meir gods frå veg til bane, og vi får ved å bygge veg samtidig også bort ein av dei verste ulykkesstrekningane i Noreg. Og vi kan attpåtil spare 10 milliardar ved å gjere dette som eit felles prosjekt. Vi ynskjer byggestart så fort som mogeleg for dette prosjektet, held Mona Hellesnes fram.

Ringeriksbanen og Vossebanen er dei to største og viktigaste prosjekta for å få ned reisetida på Bergensbanen frå dagens 6 ½ til 4 timar, som er målet vårt. Vi i FNB er glade for at alle dei politiske partia har lovd støtte til at planarbeidet med Vossebanen må gå vidare dei komande åra. Det er positivt at både Vegvesenet og Jernbaneverket har ein samordna planprosess for veg og jernbane mellom Arna og Voss. Slik må ein halde fram vidare og, slik at vi får ei parallell planlegging og bygging av veg og bane, avsluttar Mona Haugland Hellesnes.